4H Hordaland i samarbeid med fylkesleirarrangør Øvrebygda 4H, har blitt einige om å avlyse fylkesleiren i år. Med små og store koronautbrudd i ulike delar av fylket, og reglar som varierer frå dag til dag, veke til veke,  er det ikkje mogleg å planleggje og gjennomføre eit så stort arrangement der 4H-arar kjem frå heile fylket. 

Distriktsleirarrangørane er litt meir fleksible på tidspunkt, sted og lengde på leiren , så dei er opne for at desse leirane kan gjennomførast. Det som er viktig er at klubbane i dei ulika områda tek imot invitasjonar få dagar før arrangementet, og med kort påmeldingsfrist.

4H Hordaland håper flest mogleg klubbar gjennomfører ei overnatting ute i løpet av sommaren, slik at medlemmane får oppleve teltlivet.

Leir i Lomma: Det blir ikkje Nordisk leir i år, men ikkje fortvil, 4H Norge skal sørge for at alle 4H-arar frå 14 år og oppover får leirfølelse. Via discord, på nett, blir det aktivitetar på dagtid og underhaldning på kveldstid.

I 2022 er det Landsleir i Sogn og Fjordane. 4H Hordaland vil saman med alumnklubben H.A.N.S.A. mobilisere til stor deltaking frå Hordaland.

4H Hordaland har søkt Landkreditt Bank om ein volleyball til kvar klubb, som de kan bruke på sommarleiren, dagskurset eller ein annan aktivitet.