Med seg i styret har ho Andreas Ølvestveit, Anna Trå, Martha Gjerald, Steinar Holmberg Vikane, Marius Instanes Opedal, Nicolaj Øvrevoll Disselhorst og Kristina Olde.  På denne sida vil me etter kvart leggje ut litt informasjon om alle i fylkesstyret.

Her kan de bli litt betre kjent med den nye leiaren.

Eg heiter Synne Røthe Sandal, er 19 år og kjem frå Lofthus. Etter ungdomsskulen flytta eg til Bergen for å gå 3 år på interiør og fekk då yrkeskompetanse innan for det. No tar eg påbygg til generell studiekompetanse. Frå eg var 9 år har eg vore aktiv i Bjødnabykse 4H og hatt ulike verv der. Eg har og vore blant anna leiar på nordisk leir, kursadministrator på superkurs og leirsjef for fylkesleir. Eg gler meg til eit år som leiar i fylkesstyret!

Synne Røthe Sandal

 

Hei! Eg heiter Kristina Olde og eg er 19, snart 20 år. Eg kjem frå Voss og er 1. års sjukepleiarstudent på Stord. I 2018 fekk eg plaketten og har gått i Bordalen 4H sidan dagen eg begynte i 4H. Eg er engasjert og har vore med i klubbstyret som både leiar og skrivar. Å styrka og å gjera 4H større, er noko eg meinar er viktig. Det å ta vare på nye medlemar og sørge for at dei trivst frå 1. dag er noko eg er opptatt av. Eg håpar 2020 blir eit bra 4H år.

Kristina Olde