Tekst og bilete: Roger Eide

45 organisasjonar av totalt 65 søkjarar får tilskot, og 4H Sogn og Fjordane får kr 150 000,- til prosjektet Fritt fram i friluft.

4H Sogn og Fjordane og 4H Hordaland har som føremål med prosjektet Fritt fram i friluft å auke interessa og kunnskapen innan friluftsliv og frileik for born og ungdom i fylket.

barn ute i naturen

Bilete frå friluftskurset, Storkurs 4H Sogn og Fjordane, Vassenden sept 2019. Lendeorientering.

4H ynskjer å invitere til - og gjennomføre nettverkssamlingar og kurs innan enkelt og kortreist friluftsliv og overleving i felt, i håp om å motivere til auka aktivitet ute i friluft. Vi ser på dette tiltaket som eit viktig tilbod for å aktivisere og skape samhald blant born og ungdom i distriktet som ikkje har interesse for organisert idrett.

Dette vil føre til at fleire born og unge blir meir aktive i friluft. Når vi brukar naturen vert vi glade i den, og slik tek vi også betre vare på naturen. FN sine 17 berekraftsmål inngår også i prosjektet.

Parallelt med dette prosjektet har 4H Noreg eit prosjekt «Friluftsheltane». Dette prosjektet utdannar ungdom frå 16 år og oppover til friluftsheltar via å delta på friluftssamlingar. For det komande året ynskjer vi å kople friluftsheltane i Vestland fylke opp for prosjektet Fritt fram i friluft både for å skape ein engasjert, trygg og kompetanserik ungdom, og for å utnytte friluftskompetansen som allereie eksisterer blant 4H medlemmane. Samstundes har vi i 4H eit håp om å skape ein berekraftig friluftskompetanse som kan gi oss eit levande og utviklande friluftsinteresse. 4H Møre og Romsdal kjem til å gjennomføre eit liknande prosjekt, og vi samarbeider såleis tett.

barn og unge som trener på førstehjelp. Ett barn blir løftet over på båre.

Bilete frå friluftskurset, Storkurs 4H Sogn og Fjordane, Vassenden sept 2019. Simulert spjelking av beinbrot. Båre av bjørkeraier, presenning og liggjeunderlag. Varmeteppe av jervenduk. Forflytting av pasient til landingspunkt for helikopter. Særs godt lagarbeide.

Totalbudsjettet for 4H Sogn og Fjordane og 4H Hordaland er på kr 443 000,- der kr 350 000,- blei søkt om frå Fylkeskommunen. Kr 150 000,- blei innvilga.

4H Sogn og Fjordane har 70 aktive 4H‐klubbar og rundt 1400 medlemer. 4H Hordaland har 35 aktive klubbar og 1100 medlemer. Medlemane er primært i aldersgruppa 10 til 18 år. I Fritt fram i friluft byggjer vi på erfaringar frå tidlegare satsingar og prosjekt i fylkeslaga, samstundes som vi utviklar nye metodar og verktøy i arbeidet med friluftsliv. Nytt for året er å kople det nasjonale Friluftshelt‐prosjektet på Fritt fram i friluftsprosjektet. Prosjektet er eittårig og vil vonleg starte opp hausten 2020.