Årets plakettfeste i Hordaland vart gjennomført på Kløvertun i Os med tale av fylkesstyreleiar Janniche Næss Bergås, forelder Margunn Blikberg Nordgård, plakettmottakarane Frida Norevik og Hans Almeland Seim frå Lystig 4H, H.A.N.S.A./ alumn-medlem Ingrid Otnes, og ordførar i Ullensvang herad Solfrid Borge. Marius Instanes Opedal leia plakettfesten, og på kjøkkenet styrte tidlegare fylkesstyreleiar Åshild Irene Lie og alumnane Cecilie Strandos, Maren Karoline Skuterud, Synne Røthe Sandal og Ingrid Otnes. 3 elevar frå Kongshaug musikkgymnas underhaldt med song og gitar, og Rune Solberg tok flotte bileta av alle plakettmottakarane etter festen.