Etter ein periode med ekstra krevjande koronatiltak i Nordfylket har klubbarbeidet vore utfordrande. Onsdag 12. mai hadde Bjoa 4H si andre klubbsamling for året, og tilbydde medlemmene to kurs; "Capture the flag" og "Opptenning av bål med fyrtøy"

Til denne utandørs-samlinga hadde styret laga eit opplegg med opplæring som var tilpassa strenge avstandskrav. Styret hadde gjort ein god jobb, og det blei veldig godt frammøte.

Strategimøte


 Første var fellesaktiviteten «Capture the Flagg» som   byrja med opplæring i det nye konseptet. Deretter blei   det gjennomført to rundar. Kvar runde starta med å   etablere lagmoral og strategi.




 

Etter at «Capture the Flag» var godt innarbeida,  blei det gjennomført eit kurs i opptenning av bål med fyrtøy. Dette er kunnskap som kan komme vel med nå når friluftsesongen startar. Bålet blei seinare nytta til å steike pølser som avslutta opplegget saman med drikke og is til dessert.

Sander Knutsen prøver kunsten fyre bål med fyrtøy

Når sola gjekk ned var alle klar for å gå på for fullt når neste steg i gjenopninga blir annonsert.