Unge kokkar gir deg "Smart mat"-kurset, der du lærer om kva mat som er "smart" og kvifor den er det, samt at du lærer korleis du lagar smakfull mat sjølv frå botnen!

På kurset vil du lære å lage fargerike smoothies, digge wraps, grøn sei og knallgode supper frå botnen med lokale råvarer. Dette blir ein dag med god mat og god stemning :)

Det blir matlaging både inne og ute på bål. Ta med deg passande klede og eige forklede, 1kg matglede og 3 liter lyst til å lære noko nyttig og morosamt!