Ein aktivitet som finn stad i, ved og på vatnet! Dette er aktiviteten for deg som vil prøve nye aktivitetar og konkurransar med nye og gamle vener. Det vert ein dag full av utfordringar, latter, samarbeid, hjernetrim. Oppgåvene kan minnast om tevlingar ein kan sjå på Farmen, med ein liten vri.

De vert delt inn i lag og konkurrerar på ein uhøgtidleg måte med alt mogleg, til dømes padlekonkurranse, SUP-staffett, A-ramme, Blekksprut og Tårnet, og mykje, mykje meir. Nøkkelord for at laget ditt skal få eit godt resultat er kreativitet, god kommunikasjon, jobbe praktisk, og ha ei positiv og sporty innstilling. 

Ein artig måte å utfordre deg sjølv, og ikkje minst samarbeide og bli kjent med andre. Her kan alle vere med som kan svømme, utan at du må vere god på det! Les meir her