Vi tar turen til Ryssdalshornet, eitt av fjella du kan sjå frå leirområdet! Toppen av fjellet ligg 1201 meter over havet, og er det første fjellet du ser når du kjem innover fjorden mot Sandane. Med ein karakteristisk utsjånad er Ryssdalshornet eitt av dei største turmåla i kommunen. 

Det er ein krevjande tur som vert løna med flott panoramautsikt over nesten heile kommunen når du kjem opp!

Les meir her