Vi tek turen til Bryggja i Nordfjord, der du får helse på ca 70 hjortar, lamaar, geiter, gardshundar og eit hyggeleg vertskap. Du får bli med å trekke garn, lære å filetere småaure (ørret) og steike den på bålpanna. Trøbåt og kano er tilgjengeleg, og det er mogleg å ta seg eit bad!

Det vil bli servert sveler frå bålpanne og lamaburger til lunsj. Dette blir ei flott gardsoppleving i vakker vestlandsnatur! Les meir her