NY! Snart haustfest
Skulen har starta igjen og snart er det tid til å tenke på 4H-haustfesten!
Dette er det første året i det nye 4H-løpet. Derfor har vi lagt ei oversikt over smarte handlingar for 4H-medlemar og klubbrådgjevarar på denne tida av året.
Ta gjerne kontakt med fylkeskontoret eller på supportmailen om du lurar på noko.
4H-medlemar
- Ferdigstill og lever 4H-prosjektet ditt! Prosjektpoeng for gjennomførte oppdrag blir først overført til medlemsregisteret etter at prosjektet ditt er vurdert og avslutta av klubbrådgjevaren. Er du plakettmottakar, då er det enno viktigare at du ferdigstiller og leverer 4H-prosjektet ditt, slik at klubbrådgjevaren kan avslutte prosjektet ditt og vitnemålet også blir oppdatert.
- På Min side/4H-løpet får du ei oversikt over poenga du har samla til no med alle aktivitetane. Poeng for verv og arrangement blir oppdatert fortløpande, men oppdragspoeng blir ikkje registrert på den oversikta før 4H-prosjektet er avslutta av klubbrådgjevaren i prosjektplattforma. Sjekk poengoversikt og gi beskjed til klubbrådgjevaren om du meiner at noko ikkje stemmer.
- Vis kva du har gjort i 4H-året ditt på haustfesten. Førebu utstillinga og samle alt du ønsker å vise. Du kan vise fram både oppdraga du har gjennomført, sakar du har jobba med i klubbstyret, og arrangement og kurs du har deltatt på.
Klubbrådgjevarar
- Bestill årspinsar til haustfesten. Nye haustfestmerkar i 4H-løpet heiter no årspins. Årspinsar er knyta til aldersgrupper og oppmøtekravet. Har du plakettmottakerar, då bestiller du plakettnål i tillegg til dem. Har du 2. og 3. års-seniorar som ønsker å komplettere merkesamlinga si, då kan du fortsett bestille fagskjold sølv og fagskjold gull i 2024 og fagskjold gull i 2025. Det er full mogleg å bestille og dele ut sølvskeier. Les mer om merkesystemet i 4H her. Me har oppdatert hausfestlista til 4H-løpet årspins. Du kan finne lista på Min side/Min klubb/Rapporter.
- Sjekk plakettmottakarlista. Plakettmottakarlista er lagt på nytt for det 4H-løpet og viser medlemmer som fyller 18+ og kan samle 1000+ poeng i løpet av året. Lista heiter 4H-løpet mulige plakettmottakere og er tilgjengeleg på Min side/Min klubb/Rapporter. 4H medlemar kan sjølv sjekke på Min side/4H-løpet om historikken stemmer. Vitnemålet blir også oppdatert.
VIKTIG! Minn dei moglege plakettmottakarane på at dei må ferdigstille og levere 4H-prosjektet sitt i god tid. Oppdragspoeng blir ikkje overført og vitnemålet blir ikkje oppdatert før du, som klubbrådgjevar, har avslutta prosjektet i prosjektplattforma.
- Vurder og avslutt 4H-prosjekt fortløpande. Frist for å avslutte 4H-prosjekt i prosjektplattforma er 1. desember. Når eit 4H-prosjekt er avslutta, blir poeng overført til medlemsregisteret.