Gå rett til innhold
Du er her: 4H Norge // Aktuelt // Aktuelt
Del/bokmerk
Tuftegarden 4H-gard har opna

Tuftegarden 4H-gard har opna

27. februar opna Tuftegarden 4H-gard i Viksdalen som den første i Sogn og Fjordane. Heile 170 var møtt fram for å feire opninga.

Linda Kristin Oppedal (37) og Rune Hoff (34) driv Tuftegarden som no har fått tilnamnet ”4H-gard”. Dei to unge bøndene var svært fornøgd etter opninga.

- Det er flott at så mange møtte fram! Eg håpar dette er ein forsmak på det som ventar oss når det gjeld besøkande på garden framover. Vi gledar oss til å setje i gang med enno fleire aktivitetar på garden, seier Linda Kristin Oppedal.

Tuftegarden 4H-gard driv tradisjonelt vestlandsk landbruk, der mjølkeproduksjon er den fremste inntektskjelda. På garden kan ein òg oppleve både kashmirgeit, høner og eit flott natur- og friluftsområde.

Den nyleg godkjente 4H-garden vil annonsere opne dagar og inviterer folk til å ta kontakt om dei ynskjer å besøke garden. Med tida vil det bli arrangert både gardskurs, leirar og friluftsopplevingar på land og i vatn.