Gå rett til innhold
Du er her: 4H Norge // Aktuelt // Aktuelt
Del/bokmerk
Bergen 4H-undervisningsgard årets 4H-gard

Einar Tvedt fekk overrakt prisen av styreleiar i 4H Norge Kari Heggelund og jurymedlem Otto Galleberg frå FMLA i Buskerud.

Bergen 4H-undervisningsgard årets 4H-gard

Bergen 4H-undervisningsgård på Garnes blei tildelt prisen for årets 4H-gård på 4H Norge sitt årsmøte i går kveld. 4H-garden som har hatt 13000 besøkande det siste året, fekk tildelt prisen spesielt på grunn av det sosiale ansvaret dei viser.

Bergen 4H-undervisningsgård fekk overrekt prisen som årets 4H-gard under årsmøtet i 4H Norge, som var samla på Kongsberg 19.-21. juli. I tett konkurranse med andre 4H-gardar landet over var det garden på Garnes i Bergen kommune som trakk det lengste strået.

Stor aktivitet
- Ei veldig oppmuntring for alle oss som arbeider ved eller er tilknytt 4H-garden. Eg er stolt på mine og deira vegne, smiler Einar Tvedt ved Bergen 4H-undervisningsgård.

Garden i på Garnes har vore 4H-gard sidan 1994, og har svært stor aktivitet året rundt. Skuleklassar, SFO-grupper, barnehagar, dagsenter og barnefamiliar er dei fremste brukarane av 4H-garden. Gjennom samarbeid med NAV har dei òg tilbod om arbeidspraksis.

Sosialt ansvar
Det var fire gode kandidatar som var nominerte til prisen. Dette fortel Kari Heggelund, som er styreleiar i 4H Norge og har vore med i komiteen som kåra årets 4H-gard.

- 4H-garden i Bergen vart kåra til årets 4H-gard spesielt på grunn av det sosiale ansvaret dei viser. Garden har veldig stor aktivitet, men samarbeidet med NAV om arbeidstrening og tilbodet til unge handikappa viser at dei som arbeider ved garden tar eit sosialt ansvar med eit varmt hjarte.Det er viktig å ha slike gardar i bynære strok. Bergen 4H-undervisningsgård har eit tilbod som fungerer godt og presenterer landbruket på ein veldig positiv måte, meiner Heggelund.

Det er Einar Tvedt som driv garden som eit tradisjonelt vestlandsbruk med mjølkeproduksjon. I tillegg er der seks hestar på garden og eit allsidig utval av dyr både i fjøs og ute. I 2011 besøkte rundt 13000 garden på Garnes i Arna bydel.  

- Som 4H-gard føler eg at vi driv med noko veldig verdifullt. 4H er ein fantastisk organisasjon som sit på mykje kunnskap og står for verdiar som er høgt verdsett, seier Einar Tvedt.