Gå rett til innhold
Du er her: 4H Norge // Aktuelt // Aktuelt
Del/bokmerk
Arrangerte jonsokfeiring

Arrangerte jonsokfeiring

Fjærland 4H fra Sogndal i Sogn og Fjordane arrangerte jonsokfeiring. 80 fjærlendingar og feriefolk samla seg til ein flott kveld rundt bålet.

På Bøyaheimastølen møttest dei, og for ein kveld greidde dei å jage vekk regnet.

Bryllaupstoget med brureparet i front.

Bryllaup
Kvelden starta med grilling, og medan nokon sørga for mat prøvde andre seg på natursti med forskjellige sant/usant påstandar. Deretter starta jonsokbryllaupet med barnetog. Brura og brugdommen gjekk fremst med krune og blomar på hovudet, og marsjerte rundt på området. Toget blei etterfulgt av leik med sang og gitar til av Anna Myrsten og Sara Björkgren. Medan toget marsjerte vart jonsokbålet tent.


 

 

 

 

Anna Myrsten og Sara Björkgren sørget for sang og musikk.

Flott kveld
Medan ungane hadde god plass til å leike og kose seg, kunne dei vaksne slå av ein prat og ta ein kaffetår.
- Mykje folk samla på ein flott kveld, meinte ein av bålbyggjarane, Anders K. Mundal, om kvelden.