Gå rett til innhold
Du er her: 4H Norge // Aktuelt // Aktuelt
Del/bokmerk
Spennande og lærerikt 4H-prosjekt

Desse har deltatt i prosjektet: Bak f.v. Kari Anne Sørland, Stine Raad og Ingrid Strømmen Kolseth. I midten f.v. Malin Christensen Grue, Kristine Raad Larsen og Lene Tonheim Solheim. Framme f.v. Lisa Selsvik og Nora Bolstad Moen. Emilie Larsen Evebø var ikkje til stades då biletet vart teke.

Spennande og lærerikt 4H-prosjekt

Ni 4H-arar frå Gloppen i Sogn og Fjordane i alderen 12-16 år har denne våren lært å trylle fram nyttige, pene og tøffe ting ved hjelp av stoff, nål og tråd.

For eit halvt år sidan hadde dei færraste teke i verken nål eller tråd, langt mindre i ei symaskin. Men det var før Gloppen lappe- og quilteklubb inviterte 4H-medlemer frå klubbane i kommunen til eit spennande prosjekt i sying av bruksting og pynteting.

   
Alle deltakarane laga permomslag og ein eigen perm om prosjektet.

- Veldig kjekt
Laurdag 28. mai hadde gruppa utstilling på Byrkjelo, der resultatet etter sju samlingar skulle visast fram. Lommebøker, pennal, mobilvesker, toalettmapper, gryteklutar, lykteposar, koppunderlag, permomslag, puter og tepper i all slags fargar og stilar ligg fint utstilt. Og rundt trippar fornøgde jenter og skodelystne som har stukke innom for å sjå kunstverka.
- Det har vore veldig kjekt, både å lære å sy og å bli kjent med nye folk, smiler Kari Anne Sørland (14), ein av deltakarane.
- Vi har fått mykje skryt for det vi har gjort og for at vi var så ivrige, legg Nora Bolstad Moen (12) til.
- Nesten alle vil halde fram med prosjektet også neste år. Då skal vi ta eitt steg vidare, og lære endå meir, fortel Ingrid Strømmen Kolseth (15).

Prosjekt for ungdom
Dei ni jentene som har vore med på prosjektet er medlemer i fire ulike 4H-klubbar i Gloppen.
- Vi hadde lyst å starte eit prosjekt for ungdom, fordi vi irriterte oss litt over formingsopplæringa i skulen. Etter å ha vurdert ulike alternativ fann vi ut at 4H var ein bra samarbeidspart, fortel Margrethe Strømmen Kolseth, ein av initiativtakarane frå Gloppen lappe- og quilteklubb.
- Vi inviterte derfor alle 4H-klubbane i kommunen til juleverkstad i desember. Der informerte vi om planane for våren, og fekk til slutt med ni interesserte.

Liv Holvik (t.v.), Margrethe Strømmen Kolseth og Janne Kjørvik

- Trefte blink
Gloppen lappe- og quilteklubb starta opp syprosjektet i januar for å få opp interessa for og kunnskapen om saum. Margrethe Strømmen Kolseth, Liv Holvik og Janne Kjørvik har stått bak dei sju samlingane.
- Vi måtte starte frå schratch, for dei færraste hadde vore borti symaskiner før, fortel Margrethe Strømmen Kolseth.
- Vi starta med å tre maskinene og spole. Så fekk jentene sy lykteposar og gryteklutar av gamle dongeribukser. Deretter lærte dei å sy glidelås og kunne lage pennal, lommebok og toalettmapper, forklarar Janne Kjørvik, og legg til:
- Det såg ut til at vi trefte blink i forhold til kva ungdomane ville lage.

Gryteklutar av resirkulerte dongeribukser

-Kreative og flinke
- Då dei skulle sy teppe var det fleire som braut ut, ”oi, så stort!”. Men dei meistra det veldig bra, fortel Liv Holvik.
- Det viktigaste er at dei blir motiverte, og ikkje at det skal vere perfekt. Men resultatet har vorte veldig bra. Dei har vore veldig kreative og kjempeflinke, legg Janne Kjørvik til.
- Fleire av dei har heldt fram å sy heime. Ei av dei ynskte seg og fekk symaskin til konfirmasjonen. Og den er i bruk no, fortel Liv Holvik på entusiastisk vis.


Prosjekthefte for 4H
Dei tre damene frå lappe- og quilteklubben har no fått i oppdrag å utarbeide eit nytt prosjekthefte for 4H Norge. Dei synest det er spennande å få oppdraget med å lage eit prosjekthefte som kan brukast av 4H-medlemer i heile landet.

- No set vi snart i gang arbeidet med heftet. Vi vaksne treng også utfordringar, og no har vi høve til å inspirere fleire. Dette har vore veldig kjekt, så vi gledar oss til å samle saman ungdomar til nye samlingar neste år, smiler Janne Kjørvik.