Gå rett til innhold
Du er her: 4H Norge // Aktuelt // Aktuelt
Del/bokmerk
4H Sogn og Fjordane skal fylle Operahuset

Arrangørkomiteen, f.v. Vegard Lunde, Hilde Isane Hjelle, Camilla Laugerud, Dianne Eikås og Iselin Manseth

4H Sogn og Fjordane skal fylle Operahuset

4. mai blir det fest landet rundt for å feire at 4H fyller 75 år. I Sogn og Fjordane mønstrar medlemer scena på Operahuset på Eid.

Eit 4H-kor med fleire hundre deltakarar, talentfulle 4H-arar og artistar med 4H-bakgrunn vil lage ein festaftan for å feire 75-års jubileet til 4H og for å samle inn pengar til jubileumsaksjonen Hand of Hope.

Du kan lese meir om arrangementet på nettisida til 4H Sogn og Fjordane.