Gå rett til innhold
Du er her: 4H Norge // Aktuelt // Aktuelt
Del/bokmerk
Moro med matskule

Moro med matskule

På skulekjøkenet på Sunde skule i Førde i Sogn og Fjordane er det hektisk og livleg i haustferien. Fjellklang 4H har invitert til 4H Matskule, og responsen let ikkje vente på seg.

- Det er 26 born med på matskulen. Vi hadde eigentleg tenkt å ha med berre 16 på grunn av plassen, men vi kunne ikkje seie nei til dei som ville vere med, fortel Rakel Synnøve Ullebust (16), ein av instruktørane på matskulen.

 

- Kjekkare enn å sjå fjernsyn

Det er stor aktivitet ved diskane på skulekjøkkenet. Nokon skjærer opp kål, andre gulrøter, purre, pølser eller poteter. Grønsaksuppe står på menyen. Og så snart gryta er på kok går dei ivrige instruktørane og borna i gang med å lage scones, som skal vere ved sidan av suppa. I naborommet dekker nokon bord, andre lagar bordkort og etter kvart trekker enkelte inn i gymsalen for å herje litt.

   John David (9) og Steffen Laukeland (10) jobbar hardt med å skjære opp ein hovudkål, men stiller villig opp til intervju.

   - Eg vart med på matskulen fordi det verka gøy. Eg ville ha noko kjekt å gjere på i haustferien, fortel Steffen.

   - Dette er mykje kjekkare enn å sitje heime og sjå på fjernsyn, slik eg elles ville ha gjort, stemmer John i.

 

Unge instruktørar

- I går lagde vi masse pizza, og i morgon trur eg vi skal lage kaker og pannekaker, smiler Steffen og legg til: - Eg likar godt å lage mat. Kanskje eg skal lage mat til mamma og pappa når dei kjem heim òg.

   - Eg òg, skyt John inn.

   - Eg likar eigentleg ikkje grønsaksuppe, men vil prøve å smake, fortel Steffen.

   - Eg synest at grønsaksuppe er ganske godt, kan John fortelje.  

   Rakel Synnøve Ullebust (16) er ein av fire instruktørar frå Fjellklang 4H som står bak matskulen, i lag med Rene Spijkers i 4H Sogn og Fjordane. Ho er godt fornøgd med oppslutnaden på matskulen.

   - Eg trur vi får ein del nye medlemer i klubben no. Det er mange som spør om å få vere med. Det er kjekt å vere med som instruktør, ein grei ting å bruke haustferien på. Eg lærer ein del sjølv òg, både om matlaging og det å skulle ha ansvar for ungar, fortel Rakel før ho skundar seg tilbake til gruppa si for å rettleie dei mange kokkane.

 

Fire matskular

Om lag 75 born deltek på 4H Matskule i Sogn og Fjordane i haustferien. I tillegg til matskulen på Sunde i Førde er det òg matskular på Torvmyrane skule i Florø, på Tuftegarden 4H-gard på Viksdalen og på Vassenden skule.

 

Målet med 4H Matskule er at born skal lære om matlaging, om kvar maten kjem frå, vere fysisk aktive og ha det kjekt. Gjennom matskulane håpar 4H Sogn og Fjordane å auke rekrutteringa til 4H-klubbane.

 

4H Matskule er ein del av prosjektet Ung framtid i 4H Sogn og Fjordane. Prosjektet er støtta av Sparebanken Sogn og Fjordane, Fylkeskommunen og Bygdeutviklingsmidlar frå Fylkesmannen si landbruksavdeling.