Gå rett til innhold
Du er her: 4H Norge // Aktuelt // Aktuelt
Del/bokmerk
Du skal med i strategiprosessen!

Ei fornøgd arbeidsgruppe for strategiarbeid. Dei oppfordrar til medverkand av medlemmane og fylkesstyrane i strategiprosessen. F.v. Torgeir Bell (nestleiar i 4H Norge), Siri Myhre (styreleiar i 4H Norge), Gustav Ramstad Gunnerud (tidlegare nestleiar i 4H Norge), Raymond Kirknes (fylkesstyremedlem i 4H Vest-Agder) og Martin Holmen (fylkesstyreleiar i 4H Hedmark).

Du skal med i strategiprosessen!

Arbeidsgruppa for strategiarbeid i 4H Norge hadde si første samling i helga! Gruppa kom fram til at målet for deira arbeid kan oppsummerast i éin setning: Du skal med!

Det var eit intenst døgn, frå fredag ettermiddag til laurdag ettermiddag, med mykje arbeid og lite søvn for dei fem gruppemedlemmane. Engasjementet var stort og diskusjonen gjekk til langt på natt på familiegarden til Gustav Gunnerud frå Eidsvoll, der samlinga fann stad.

På denne fyrste samlinga var målet å utarbeide ein framdriftsplan og detaljplanlegge idéverkstad med dialogkonferanse som skal holdast på nordisk leir i sommar.

- Me har delt mange tankar, meiningar, og idear om kva 4H er i dag, og kva 4H skal vere i framtida. Vi har nå lagt et fundament å bygge vidare på. Gjennom denne prosessen skal vi arbeide aktivt for å involvere både klubbane og fylkesstyra slik at alle får eit eigeforhold til den nye strategien, seier ein fornøgd, men sliten, styreleiar Siri Myhre.

Dialogkonferanse

- «Du skal med!» kjem alle medlemar til å sjå meir av framover. I alle fall dei som kjem på nordisk leir i Østfold i sommar. Her kan du nemleg vere med å påverke strategiarbeidet, påverke korleis 4H skal vere frå og med 2018. Kom innom og sei meininga di, den er viktig, seier nestleiar Torgeir Bell.

Medverknad

Medverknad av medlemmane og fylkesstyrane er viktig i denne prosessen. Dette skal mellom anna skje gjennom høyringar hos medlemmane og dialog med fylkesstyrane. Spesielt blir dialogkonferansen med medlemmane på nordisk leir ein fin arena for medverknad.

Kompetanse og erfaring

Arbeidsgruppa for strategiarbeid består av Siri Myhre (styreleiar i 4H Norge), Torgeir Bell (nestleiar i 4H Norge), Martin Holmen (fylkesstyreleiar i 4H Hedmark), Gustav Ramstad Gunnerud (tidlegare nestleiar i 4H Norge) og Raymond Kirknes (fylkesstyremedlem i 4H Vest-Agder). 4H Norge sin generalsekretær, Signe Lindbråten, er sekretær for arbeidsgruppa. Ho tiltrer stillinga 2. mai. Alle som sitt i gruppa har bred erfaring og god organisasjonskompetanse, både frå 4H og frå andre organisasjonar. Det er også eit stort aldersspenn som gjev ein flott dynamikk i gruppa.

Bakgrunn

Landsstyret vedtok på styremøtet i mars å nedsette ei arbeidsgruppe for strategi. Gruppa har mandat til å levere forslag til strategiplan med mål og tiltak, som skal presenterast på landsstyremøtet 24. november 2017.

Spesielt skal dei avklare korleis 4H Norge skal jobbe vidare med:

·         Rolleavklaring og ansvarsfordeling

·         Kommunikasjon - internt og eksternt

·         Kompetanse/opplæring

·         Økonomi og ressursforvaltning

Vil du lese meir om arbeidsgruppa for strategiarbeid? Sjå landsstyresak 09/17: Utviklingsverktøy for strategiarbeid i 4H Norge.