Gå rett til innhold
Du er her: 4H Norge // Aktuelt // Aktuelt
Del/bokmerk
Klart for «Gøy på landet»

4H inviterer til kos med dyra og spennande gardsaktivitetar under Gøy på landet. Foto: Kristin Haanshuus, 4H Sogn og Fjordane

Klart for «Gøy på landet»

Vil du kose med kalven, snakke med sauen eller grynte i lag med grisen? Då kan du besøke Gøy på landet på ein 4H-gard denne hausten.

Meir enn 25 gardar landet rundt opnar opp garden sin i septemberr til ein morosam og lærerik dag for små og store. Liste over planlagte arrangement landet rundt.

Lære ved å gjere

Gøy på landet er eit landsomfattande arrangement, der målet er å vise fram landbruket gjennom ein spennande dag på garden. Det er 4H Norge som står bak arrangementet, som vart gjennomført for første gong i fjor. Ideen kom frå Gøy på landet-arrangementetpå Hove leir ved Arendal, som dette året blir arrangert av 4H Aust-Agder for 30. gong.

I fjor vart det skipa til 19 lokale arrangement. I år er meir enn 25 4H-gardar i landet klare til å ta imot besøkande til ein aktiv dag på garden. Dei fleste av Gøy på landet-arrangementa går av stabelen i september månad, men nokre gardar har allereie tjuvstarta, dei siste helgane i august.

- For mange er dette første møtet med norsk landbruk. Folk er veldig positive, spesielt sidan mange av aktivitetane er nært knytt til 4H sin filosofi om å «lære ved å gjere», fortel Astrid Lindstad, styreleiar i 4H-gard Norge, eit nettverk med rundt 50 besøksgardar landet rundt.

 Astrid Lindstad, styreleiar i 4H-gard Norge på hesten Askesaga. Foto: privat.

Viser fram landbruket

Astrid Lindstad driv til dagen Hauger gård i Asker, og gler seg til å arrangere Gøy på landet første søndag i september.

- Dei som besøker oss får mellom anna helse på dyra, hoppe i halmen, gå natursti og lage eigen pizza i bakaromn. Vi har eit tett samarbeid med den lokale 4H-klubben, og får mykje hjelp av medlemene der. Arrangementet vårt er bilfritt, så her kjem dei besøkande på sykkel eller til fots. Det pleier å vere ein veldig fin dag.

Siri Myhre, leiar i 4H Norge, meiner Gøy på landet er ein god måte å vise fram både 4H og dei mange moglegheitene som finst innan naturbruksnæringane. 

- Gøy på landet gir born og unge høve til å bli kjent med grunnleggande verdiar knytt til landbruk og naturbruk i lokalsamfunnet sitt.

Barn og unge blir meir kjent med dyr og landbruk under Gøy på landet. Foto: Åge Avedal, 4H Norge.

Tusenvis av besøkande

På Hove leir på Tromøya ved Arendal er også arrangørane i 4H Aust-Agder, klare til storinnrykk, søndag 18. september. Mellom 1500 og 5000 pleier å besøke arrangementet, som dette året feirar 30 år.

- Vi er stolt av 30 år med Gøy på landet,og set veldig stor pris på at 4H-gardar over heile landet har tatt etter oss med eit så viktig arrangement, fortel Jonas Berlin, organisasjonsrådgjevar i 4H Aust-Agder, og legg til:

- Dei besøkande får møte dyra og ri på hest. Dei kan snekre fuglekassar, sjå motorsag- og økseshow, handle på gardsutsal og besøke vikingleiren. I år er vi ekstra fornøgd med å kunne invitere 120 flyktningar til gratis arrangement og mat. Dette er eit stort familiearrangement som er stadig like populært.

Fleire tusen besøker Gøy på landet på Hove leir i Aust-Agder årleg. Her frå arrangementet i 2015

Arrangør av Gøy på landet? Finn materiell og ressursar her.