Gå rett til innhold
Du er her: 4H Norge // Aktuelt // Aktuelt
Del/bokmerk
Havnesjefen 4H på tur

Frå venstre: Vilde, Johann (bondeson), Guro (bondekona), Serina, Malena, Tobias (bondeson), Andrine, Catharina og Nikita.

Havnesjefen 4H på tur

Havnesjefen 4H er ein ganske så fersk 4H-klubb med 14 medlemmar i alderen 10-17 år. Klubben held for tida til på Nore Neset, men har medlemmer frå heile kommunen.

Tidlegare i sommer drog fem av medlemmane og eitt kløvermedlem på tur til Førland 4H-gard på Stord. I Hordaland fins det tre 4H-gardar; Førland 4H-gard, Garnes 4H-gard og Stall Stuve. På Førland vart dei møtt av bondekona Guro Kristi Holmberg, og to av sønene hennar.  Ho fortalte litt om garden og kva dyr dei har. Både bonden og bondekona er 4H-ere, og mannen sin familie har hatt garden i fem generasjoner.

På garden fekk dei møta alelam, frittgåande høns og hanar, kanin, dverggeit og hund. Medlemmene i klubben fekk òg vere med å lysa på egg for å sjå om det var kyllingar inni dei. Dei som ville fekk òg gå ein natursti som dei hadde hengt opp på garden, og her vanka det premie til den som fekk flest rette. det var òg konkurranse om å slå i spiker fortast, og her vanka det òg premie. Då det var ein av gardsgutane som vann, gjekk premien til 2.plassen.

Både born og vaksne hadde ein kjekk og spanande dag i fine omgjevnadar på Førland. Dei grilla pølser på bålpanne, og fekk smaka nybakte skillingsbollar steika i steinomn. Garden driv òg med sal av lefser. Då 4H-arane skulle heim fekk alle kvar sin pose med hefter om dyr, gardsdrift og litt anna småting.

Serina og alelam Nikita prøve seg på stylter.