Gå rett til innhold
Du er her: 4H Norge // Aktuelt // Aktuelt
Del/bokmerk
Naturmøteplass på ein, to, tre!

På naturmøteplassane kan store og små ha det kjekt ilag ute, her frå ein tidlegare haustfest hos Atløy 4H. Foto Åge Avedal

Naturmøteplass på ein, to, tre!

4H-klubbar i Norge har gjort stor suksess med bygging og utvikling av naturmøteplassar over hele landet. Naturmøteplassane er opne, tilgjengelege og familievennlege møteplassar i nærmiljøet. Erfaringane og verktøya som er komen etter bygginga av naturmøteplassane, blir no delt gjennom den heilt nye nettsida naturmøteplass.no.

4H-klubbar i Norge har gjort stor suksess med bygging og utvikling av naturmøteplassar over hele landet. Naturmøteplassane er opne, tilgjengelege og familievennlege møteplassar i nærmiljøet. Erfaringane og verktøya som er komen etter bygginga av naturmøteplassane, blir no delt gjennom den heilt nye nettsida www.naturmoteplass.no.

– Naturmøteplassane er friluftsfolket sitt svar på ballbingar! smiler prosjektleiar Hanna de Groot. Naturmøteplassane er lokal arena for miljøaktivitetar. Aktivitetane skal gi barn og unge miljøkunnskap, og lære dem å respektere og bli glad i naturen. Gjennom gode opplevingar, læring og fellesskap i lokalssamfunnet skal naturmøteplassane bidra til eit godt miljø – både i mellommenneskeleg  forstand og for natur og miljø i ein større samanheng.

Ein del av medlemene i Driva 4H samla framfor den flotte gapahuken på Holsen. (foto Åge Avedal)

Gode verktøy

I dag finst det om lag 200 naturmøteplassar i Norge, som er bygd av 4H-klubbar i lag med lokale samarbeidspartar. Gjennom pilotprosjektet Møteplass: Naturensom starta opp i 2014 av 4H Sogn og Fjordane, har eit av måla vore å skape nye naturmøteplassar, samt bidra med vidareutvikling av dei som allereie er etablert. Denne prosessen har resultert i mykje viktig informasjon som no blir gjort lett tilgjengeleg på ein stad.

– Naturmøteplass.no er laga etter dei behova som vi har møtt hos dei frivillige i prosjektet, og innhaldet er konkret og forholdsvis enkelt å bruke sjølv frå mobil, forklarar Hanna de Groot.

På nettsida kan ein til dømes finne inspirasjon til ulike typar naturmøteplassar, informasjon om kor det er mogleg å søkje om økonomisk støtte, aktivitetstips ute og oppskrifter på turmat.

Meir info: For meir info om naturmøteplassprosjekt i 4H, eks. Draumeplassen og Møteplass: naturen, sjå 4H Sogn og Fjordane sin nettside.

Firkløveren 4H i Gulen har vore med på å lage eit eige bålhus. (foto Marit Gjersvoll)
 
Ved Navestøylen i Kjølsdalen har Trekløveret 4H laga ein av naturmøteplassane i Eid kommune. (foto Hilde Sværen)