Gå rett til innhold
Du er her: 4H Norge // Aktuelt // Aktuelt
Del/bokmerk
Svala 4H sov under open himmel

Svala 4H sov under open himmel

Totalt 65 medlemmar og 13 vaksne deltok på arrangementet. I tillegg til å sove ute i Leksaren, var det både grilling og volleyballturnering på Internatet.

Onsdag 4.mai var det duka for å sove ute under open himmel for Svala 4H i Rogaland. 4H-dagen blei markert med at 4H-arar over heile landet sov ute under open himmel. I år vart 4H Norge heile 80 år. Medlemane i Svala 4H markerte dagen med å sove under open himmel, og feire med kakefest.

Totalt 65 medlemmar og 13 vaksne deltok på arrangementet. I tillegg til å sove ute i Leksaren, var det både grilling og volleyballturnering på Internatet. På volleyballturneringa var det 8 lag, her deltok både medlemmar og vaksne. Svala 4H fekk æra av å få besøk av sjølvaste ordføraren i Hå, Jonas Skrettingland. Han deltok også på volleyballturneringa. Svein Høyland frå kommunestyret var også med på volleyballturneringa. Torill Søyland Utbjoa frå Rogaland 4H deltok også på arrangementet.

Kakefest

Kl. 21.30 var det kakefest, der dei åt kake som nokon av medlemmane som hadde baka. Etter kakefesten gjekk dei ned i Leksaren for å gjere seg klar til kvelden/natta. 48 medlemmar og 4 vaksne sov ute. Det var veldig kaldt om natta, men heldigvis hadde Felleskjøpet sponsa med presenningar, slik at det blei mindre vind på soveområdet.

Da medlemmane vakna om morgonen var det frukost til alle. Frukosten starta kl.05:30. Den vart sponsa av Spar Varhaug. Dei fleste medlemmane hadde sove godt. Kl.10:00 var arrangementet ferdig for denne gang. Dette var kjekt for både store og små. Svala 4H takker Spar og Felleskjøpet for bidraget, som kom svært godt med på turen!