Gå rett til innhold
Du er her: 4H Norge // Aktuelt // Aktuelt
Del/bokmerk
“A lifetime experience!”

“A lifetime experience!”

Så kort oppsummerer Anna frå Karelen veka på Nordisk leiarskule i Sogn og Fjordane. 23 ungdommar frå 6 ulike land var samla for å verte betre leiarar.

Mountains & Fjords – Nordisk leiarskule var eit samarbeid mellom Nordisk Samorganisasjon for ungdomsarbeid (NSU), Norges Bygdeungdomslag (NBU) og 4H Norge. 4H Sogn og Fjordane var praktisk tilretteleggjar for leiarskulen som var i Stryn og i Vågsøy 10. – 15. august.

Deltakarane kom frå Karelen (Russland), Estland, Danmark, Tyskland, Island og Norge og er leiarar i organisasjonane i heimlandet, og mellom 16 og 28 år.
 

Om føremiddagane underviste NBU i ulike tema som handla om det å vere leiar og korleis leie organisasjonen sin. Om ettermiddagane fekk deltakarane prøve seg på norsk friluftsliv. Vi gjekk på tur, besøkte Varden 4H og Loen/Rake 4H sine naturmøteplassar, klatra både i fjellet og i trea, spikka, laga mat på bål og besøkte Briksdalsbreen. Siste dagen var vi på Norsk Kystleir og fekk prøve både roing, padling og segling.