Gå rett til innhold
Du er her: 4H Norge // Aktuelt // Aktuelt
Del/bokmerk
4H forebygger ebola i Gambia

Ebolamøte i Kerr Ngorr

4H forebygger ebola i Gambia

4H-erne Ingveig Bustad og Anne Hjørnegård Bjerke har vært i Gambia. Les deres reisebrev om forebygging av ebola.

Reisebrev:

Du har vel høyrt om ebola? Den store, skumle sjukdommen som har ramma Afrika. Den som har tatt livet av tusenvis av menneske, og som spreier seg som eld i tørt gras. Du er ikkje åleine. Det siste halvåret har media flomma over av ebola-nytt, og åtvara folk mot å reise til Afrika. Og det er jo fint, er det ikkje? Me vil jo ikkje at nokon skal bli sjuke. Det er berre ei lita hake ved dette mediastyret: Dei tar for det meste heilt feil.

For det fyrste har ikkje ebola ramma Afrika. Verdsdelen Afrika er tre gongar så stor som Europa, og sjukdommen finst berre i tre land: Liberia, Sierra Leone og Guinea. Nesten heile Afrika er altså ebola-fritt.

For det andre spreier ikkje sjukdommen seg som eld i tørt gras. JA, han er smittsam, men myndigheitene i dei ramma landa gjer alt dei kan for å informere innbyggjarane om sjukdommen, og hindre spreiing. Nabolanda stengjer grensene sine, og alle som reiser til eller frå Vest-Afrika vert sjekka for symptom. Så når du no heller reiser til Spania enn Kenya, tenk på dette: Du er nærmare ebola i Spania.

For det tredje øydelegg media for store delar av Afrika ved å skremme folk frå å reise dit. I mange land er turisme ein viktig inntektskjelde, og når turismen uteblir får det store konsekvensar for den nasjonale økonomien. I Gambia er det vanlegvis høgsesong for turisme på denne tida. No snakkar folk om ”ebolasesong” i staden: det er nesten ikkje turistar her. Og det til tross for at det ikkje har vore eitt einaste tilfelle av Ebola i landet.

Sjølv om ebola ikkje finst i Gambia, jobbar myndigheitene mykje med å førebu innbyggjarane på kva som kan skje om sjukdommen kjem. Me har heile vegen på studieturen gjennom Gambia sett plakatar med informasjon om Ebola og kva du må gjere for å ikkje bli smitta. Me var òg så heldige å få vere med på eit ebolakurs i ein av landsbyane me besøkte. Heile landsbyen samla seg i skuggen av eit stort tre der Ousman Bah hadde sitt foredrag. Ousman Bah er ein mann frå helsemyndigheitene som reiser rundt til alle landsbyane i sitt ”fylke” og fortel om Ebola.

Han starta presentasjonen med å spørje lyttarane om kva Ebola er.  Serleg dei eldre var ivrige med å svare. Han gjekk vidare med å fortelje om korleis Ebola smitta og kva dei måtte gjere for å unngå smitte. Det aller viktigaste rådet er å vaske hendene ofte. Han fortalte også om eit døgnopent, gratis telefonnummer som ein kunne ringe om det var mistanke om Ebola. Landsbyen fikk to opplysningsplakatar som dei kunne hengje opp. Ousman Bah slutta med nokre avsluttande spørsmål så han visste alle hadde fått med seg informasjonen. Alle i landsbyen var nøyde med foredraget og satte stor pris på at myndigheitene tar sjukdomen så seriøst som dei gjer. Me norske synes også dette var eit utruleg bra tiltak.

Slepp fordommane og reis til Afrika!

Hilsen Ingveig Bustad og Anne Hjørnegård Bjerke