Gå rett til innhold
Du er her: 4H Norge // Aktuelt // Aktuelt
Del/bokmerk
4H – fikser alt!

4H – fikser alt!

Er du 4H-ar og mellom 15 og 18 år? Har du lyst til å vere ein av 10 forfattarar av ei ny bok i 4H? Ei bok som handlar om 4H-arar som «fikser alt»! Då må du søkje innan 15. februar.

4H Norge vil gje ut boka «4H – fikser alt!» hausten 2015. Forfattarane av boka er 4H-arar i alderen 15 – 18 år. Kanskje du er ein av dei?

Inspirerande bok
Boka skal handle om 4H-arar i aldersgruppa 15-25 år som har stått ovanfor ei utfordring, og korleis dei løyste den. Resultatet vil bli ei «coffee-table»-bok som skal sendast ut til alle 4H-arar som blir 15 år i 2016. Boka skal inspirere til spennande aktivitetar, prosjekt og tiltak når 4H over heile landet skal ha «Fikser alt!» som satsingsområde i 2016 og 2017.

Forfattarane av boka må ha dette som sitt 4H-prosjekt i 2015, og deltek på tre helgesamlingar der dei skal planlegge boka og få opplæring i journalistisk tekstarbeid, foto, redigering, design mm, saman med prosjektleiar og to prosjektmedarbeidarar. Forfattarane skal også prøve ut 4H Norge sitt nye digitale prosjektverktøy. Det vil vere gratis å delta og vi betalar reisekostnader. Ein forpliktar seg til å levere tekstar og foto til boka for å kunne vere med.

Datoar for prosjektsamlingane:

  • 20.-22. mars: Introduksjon. Kva kunnskapar sit gruppa med samla? Korleis lage den gode historia? Journalistisk arbeid. Plan for prosjekta. 4H sitt nye digitale prosjektverktøy.
  • 9.-10. mai, ev. også 8. mai: Status på prosjekta. Foto og bilderedigering. Plan for vidare arbeid.
  • 28.-30. august: Siste samling. Råutkast til boka er klar. Jobbe vidare med tekstar og foto, og med idear til design av boka.

Stad for samlinga er avhengig av kvar deltakarane kjem frå, men det blir anten i Oslo, Bergen eller Trondheim.

To prosjektmedarbeidarar
I tillegg lyser vi ut to stillingar som prosjektmedarbeidarar, som vil ta ansvar for prosjektet i lag med prosjektleiar Åge Avedal, dagleg leiar i 4H Sogn og Fjordane. Prosjektmedarbeidarane må vere over 18 år og vil delta på dei tre helgesamlingane og planlegginga av desse.

Dei som vil vere prosjektmedarbeidarar får den same opplæringa som forfattarane, og vil vere med å ha praktisk, sosialt og fagleg ansvar for samlingane. I tillegg får dei ein attest på det dei har lært. Prosjektmedarbeidarane kan ha erfaring frå tekst-, foto- eller designarbeid og/eller ta ansvar for mat og det sosiale på samlingane. Er du ein av desse, send nokre ord på e-post til prosjektleiar Åge Avedal, age.avedal@4h.no.

Spørsmål og påmeldingfrist
Har du spørsmål om det å vere bokforfattar, om prosjektet eller om det å vere prosjektmedarbeidar?
Kontakt Åge Avedal, tlf. 576 43 196 / 970 72 734, e-post age.avedal@4h.no.

For å søkje om få vere forfattar må du fylle ut dette elektroniske skjemaet  innan 15. februar. Alle søkjarane vil få svar på e-post på om dei får vere med eller ikkje.

4H Norge har fått støtte frå Kulturmidlene til Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjonar til prosjektet.