Gå rett til innhold
Du er her: 4H Norge // Aktuelt // Aktuelt
Del/bokmerk
Barnas Matfestival med eigen bistro!

Barnas Matfestival med eigen bistro!

-Eg har tru på dette! Dette er rekruttering til næringane, seier Hanna deGroot til Firda Tidend. Denne helga har ho arrangert Barnas Matfestival på Sandane i Sogn og Fjordane.

I samarbeid med Hordaland 4H har Sogn og Fjordane nå gjennomført Barnas Matfestival både i Bergen og på Sandane. Begge med stor suksess og mykje (!) folk innom. Publikum som kom innom festivalen denne helga på Sandane fekk mellom anna prøve smoothie-sykkel, lage seg sunt snop og potetkake, og ikkje minst ete mat i barnas eigen bistro!

På Sandane var Barnas Matfestival ein del av den store festivalen Matamål, mens i Bergen var det Bergen Matfestival som var hovudfestivalen. Denne helga kåra Matamål Barnas Matfestival til årets beste stand! Dette betyr at 4H er invitert tilbake til neste år, og får gratis plass. Kanskje er dette berre starten på ein ny og spennande aktivitet i 4H?

I tillegg til engasjerte barn og 4H-medlemmer hadde Hanna med seg elevar og lærlingar ved kokk og servitør-lina på Mo og Øyrane vgs, elevar ved musikk, dans og drama på Firda vgs., Breim bygdekvinnelag og Sogn jord- og hagebrukskule.

Du kan i dag lese om Barnas Matfestival i papirutgåva av Firda Tidend, og fredag 3. kunne du lese om festivalen i Ytre Sogn Avis