Gå rett til innhold
Du er her: 4H Norge // Aktuelt // Aktuelt
Del/bokmerk
Nytt styre i 4H Norge

Nytt styre i 4H Norge

Kari Heggelund frå Flisa i Hedmark blei attvalt som leiar i 4H Norge under landsmøtet på Rica Hell Hotell Værnes 15. – 17. juli.

– Eg er stolt og rørt over tilliten, og gler meg til å fortsetje arbeidet i ein organisasjon med mykje engasjement, sa Kari Heggelund i sin tale til landsmøtet.

Ein viktig del av landsmøtet var å konkretisere og vedta strategisk plan med satsingsområde og strategisk målbilete. Landsmøtet vedtok eit toårig satsingsområde for 2016 – 2017; ”Fiksar alt!”. - Målet er å fremje praktiske dugleikar og heve statusen til praktiske utdanningar og yrke, seier Kari Heggelund.

Det strategiske målbilete for 2018 som landsmøtet vedtok skisserer ein sterkare organisasjon med større gjennomslagskraft. – Landsstyret ønskjer enda fleire aktive medlemmar som tek ansvar og skapar liv og aktivitet i nærmiljøa sine. Mat, naturbruk, entreprenørskap og eit godt medlemsdemokrati skal framleis vere viktige stikkord for 4H i framtida, seier styreleiar Kari Heggelund.

Val
Dette er 4H Norge sitt nye landstyre:
Leiar i landsstyret: Kari Heggelund (Hedmark), attval
Styremedlem: Sigrid Løvland (Vest-Agder), attval
Styremedlem: Gustav Gunnerud (Akershus og Oslo), attval
Styremedlem: Kari Fuglem (Sør-Trøndelag), ny
Styremedlem: Håvard Uhre Halvorsen (Troms), ny
1.varamedlem: Ingunn L. Heggebø (Sogn og Fjordane), ny
2.varamedlem: Martin Strand (Nordland), ny
3.varamedlem: Gaute Gjein (Akershus og Oslo), ny

Representant oppnemnt av Landbruks- og matdepartementet:
Morten Ingvaldsen, Landbruksdirektør Akershus og Oslo.
Observatør - representant for for Norske 4H-alumner: Kristine Kapperud.
Ingunn Heggebø var ikkje til stades då bilete vart teke. 


Kontaktpersonar i 4H Norge:
Styreleiar Kari Heggelund, tlf. 904 02 505
Generalsekretær Sølvi Egner-Kaupang, tlf. 958 18 816