Gå rett til innhold
Du er her: 4H Norge // Aktuelt // Aktuelt
Del/bokmerk
Landsmøtet i gang

Landsmøtet i gang

Landsmøtet til 4H Norge som vert halde 15. - 17. juli på Rica Hell Hotell Værnes, er no godt i gang.

Ein innhaldsrik dag ein for landsmøtet er godt i gang. Den starta med ei førebuande landsmøtesamling, som vart halde av Martin Strand og Ragnhild Bach frå landsstyret.

Gerd Janne Kristoffersen, assisterende fylkesmann i Nord-Trøndelag, talte til landsmøtet og opna det offisielt.

Dei tre søskena og 4H-arane Oda Beate, Ragne Amante og Emil Beitland underholdt med både dans, song og musikk. Emil ga også ei kort innføring i tradisjonsinstrumentet "langleik" og spelte ein slått frå 1504.

Det store potetløpet vert sjølvsagt og markert på landsmøtet, og poteten Petra som no er halvvegs på si ferd rund om i landet vart overlevert frå Buskerud til landsstyret sin leiar Kari Heggelund.

I si tale til landsmøtet understreka Heggelund kor viktig det er at vi er tydelege på kven vi er og på kva 4H skal vere. Vi skal vere inkluderande og vere aktive bidragsytarar i både distrikta og byane. Ho framheva og 4H-gardane som ein viktig arena for aktivitet og rekruttering. Heggelund framheva kor stolt ho er over 4H og ser moglegheitane som ligg i organisasjonen, men også eit veldig stort ansvar. Heggelund gler seg over ungdom som er engasjerte og tek ansvar for kva 4H skal vere i framtida.

Kløvertreet vart og avduka. Kløvertreet skal fyllast med utsagn frå 4H-arar og skal syne kva ungdommane sjølve meiner er viktig for å ha ei føreseieleg utvikling i landbruksnæringa, både når det gjeld rekruttering, miljø og berekraftig utvikling.

 


Created with flickr slideshow.