Gå rett til innhold
Du er her: 4H Norge // Aktuelt // Aktuelt
Del/bokmerk
1 100 ungdommar på 4H-landsleir

1 100 ungdommar på 4H-landsleir

17. juli – 24. juli samlast over 1100 ungdommar til 4H-landsleir på idylliske Tautra i Frosta kommune i Nord-Trøndelag. Ungdommar frå heile landet møtast til ei uke spekka med aktivitetar og opplevingar, samt gamle og nye 4H-vener.

Blander ein m.a. volleyball, sjonglering, action ute i det fri, tautrekking, konsertar, dykking, Land Art, hesteriding, teltliv, internasjonal og tradisjonell mat, mat på bål, bueskyting, teiknspråk, teater/ improvisasjon, fotografering, båtliv, Via Ferrata og skogpleiekurs med 1100 ungdommar, nærmar ein seg 4H-landsleir 2014.

Lokale heltar
I løpet av uka får leirdeltakarane stifte kjennskap med fleire lokale heltar frå underholdnings- og musikkarenaen. Det blir konsertar med lokale band som Bad Influence, Mjølsekk læmpers, P.A. Røstad og Knut Stuppuvold Band.

Open dag
Søndag 20. juli er det open dag i leiren. Da kan besøkande komme og sjå korleis leirlivet for 4H-arane artar seg. Foreiningar og andre aktørar stiller med stands og ulike aktivitetar. Alle er hjarteleg velkommen!

Vømmøl
Tema for årets leir er vømmøl (vadmel), som er ein del av den trønderske kulturen. Vadmel var tidlegare mye brukt til klede blant norske bøndar og allmuen. Vømmøl står for ein tradisjon over generasjonar, og for noko som er solid og slitesterkt. På leiren skal denne kulturen gjenskapast akkompagnert av livleg vømmølmusikk.

Teltlandsby på idylliske Tautra
Ein førebels landsby av telt og lavvoar vil bre seg utover grasslettene på vakre Tautra i Trondheimsfjorden. 4H-arane vil setje eit tydeleg preg på øya som ikkje har meir enn 40 fastbuande. Med klart hovud, varmt hjarte, flinke hender og god helse skal 4H-arane kaste seg ut i stadig nye og utfordrande aktivitetar, der mottoet er ”å lære ved å gjere”. I tillegg til ulike aktivitetar og turar, er volleyball en naturleg del av leiropphaldet.

Det store potetløpet
Poteten Petra er ein del av 4H Norge sitt arrangement Det store potetløpet. Petra fraktas miljøvennleg rundt gjennom heile landet av engasjerte 4H-arar, som ønskjer å sette fokus på norsk landbruk og matproduksjon, samt kor viktig det er med sunt kosthald og fysisk aktivitet.

Under landsleiren skal Petra vere med 4H-klubbane frå Nord-Trøndelag, og delta på ulike aktivitetar. Petra skal bu på en staur utanfor utedoen. Der heng det ei minnebok som leirdeltakarar og gjestar kan skrive ei helsing i. Nokre av desse helsingane blir lest  opp under morgonsamlingane på leiren. På leiravslutninga vil nokre av Petra sine opplevingar til no bli formidla, og ho vert overrekka representantar frå Møre og Romsdal som skal vere vertskap vidare.

Sosialt, aktivt og morosamt
Sosialt, aktivt og morosamt er tre stikkord som passar for 4H, og ikkje minst for leirlivet. 4H Norge er ein medlemsstyrt organisasjon. Ungdommane bestemmer sjølve og får brei organisasjonsopplæring og erfaring gjennom m.a. ulike styreverv. Medlemsalderen er 10 til 25 år, og formålet er å utvikle samfunnsengasjert ungdom med ansvarskjensle og respekt for natur og menneske.

Kontaktpersonar:
Generalsekretær 4H Norge: Sølvi Egner-Kaupang tlf. 958 18 816
Informasjonsansvarleg 4H Norge: Beate Patay, tlf. 415 62 264
PR-ansvarleg for Landsleir 2014: Nils Ramsøy tlf. 454 45 583

Web:
4H Norge sine nettsider: www.4h.no
4H-landsleir 2014: http://4hlandsleir2014.no/
Det store potetløpet:: Det store potetløpet

Vømmøl er tema for årets leir! Velkommen alle 4h-arar!