Gå rett til innhold
Du er her: 4H Norge // Aktuelt // Aktuelt
Del/bokmerk
4H-arar engasjerer seg for norsk matproduksjon og landbruk!

4H-arar engasjerer seg for norsk matproduksjon og landbruk!

Engasjement, både for si eiga fritid og samfunnet elles, står på agendaen når 4H Norge held sitt landsmøte 15. – 17. juli på Rica Hell Hotell Værnes. – Eit kløvertre med utsegn frå landsmøtedelegatene om kvifor norsk matproduksjon og landbruk er viktig for dei, skal vere eit midtpunkt.

Utsegna på kløvertreet skal syne kva ungdommane sjølve meiner er viktig for å ha ei føreseieleg utvikling i landbruksnæringa, både når det gjeld rekruttering, miljø og bærekraftig utvikling. Etter landsmøtet skal treet vere med på 4H sin landsleir på Tautra i Nord-Trøndelag 17. – 24. juli. – Alle utsegna skal overrekkast representantar for Stortinget når vi avsluttar Det store potetløpet17. oktober. Det gler vi oss til, seier styreleiar Kari Heggelund.

Heggelund, som sjølv står på attval som leiar i ein organisasjon ho brenn for, gler seg til å opne landsmøtet med eit av landets yngste landsmøtedelegatar. - 4H Norge er ein organisasjon full av ungdommeleg engasjement og idear. 4H-arar skapar sjølve spennande og meiningsfulle aktivitetar i 4H-klubbar over hele landet. Landstyret ønskjer å hente fram meir av dette engasjementet og fleire av ideane, og gje desse ei nasjonal satsing, fortsett Heggelund.

Satsingsområde og strategisk målbilde – kor går vegen?
Landsmøte får presentert to satsingsområdar for høvesvis 2016 og 2017:
● Nærkultur
● Samfunnsengasjement
Landsmøtet skal velje eit av to framlegg for kvart satsingsområde.

Det strategiske målbilete for 2018 som vert lagt fram for landsmøtet skisserer ein sterkare organisasjon med større gjennomslagskraft. – Landsstyret ønskjer enda fleire aktive medlemmar som tek ansvar og skapar liv og aktivitet i nærmiljøa sine. Mat, naturbruk, entreprenørskap og eit godt medlemsdemokrati vil framleis vere viktige stikkord for 4H i framtida, seier styreleiar Kari Heggelund.

Val
Valkomiteen sitt forslag til landsstyrekandidatar på val:

•     Leiar i landsstyret: Kari Heggelund (Hedmark), attval

•     Styremedlem: Sigrid Løvland (Vest-Agder), attval

•     Styremedlem: Gustav Gunnerød (Akershus og Oslo), attval

•     Styremedlem: Kari Fuglem (Sør-Trøndelag), ny

•     Styremedlem: Håvard Uhre Halvorsen (Troms), ny


•     1.varamedlem: Martin Strand (Nordland), ny

•     2.varamedlem: Ingunn L. Heggebø (Sogn og Fjordane), ny

•     3.varamedlem: Gaute Gjein (Akershus og Oslo), ny

Representant oppnemnt av Landbruks- og matdepartementet:
Morten Ingvaldsen, Landbruksdirektør Akershus og Oslo.

Kontaktpersonar i 4H Norge:
Styreleiar Kari Heggelund, tlf. 904 02 505
Generalsekretær Sølvi Egner-Kaupang, tlf. 958 18 816
Informasjonsansvarleg Beate Patay, tlf. 415 62 264

4H Norge sitt landsmøte vert halde på Rica Hell Hotell Værnes 17. – 19. juli 2014.

Meir informasjon:
Landsmøte 2014
Det store potetløpet