Gå rett til innhold
Du er her: 4H Norge // Aktuelt // Aktuelt
Del/bokmerk
Stor feiring i Nordland

Kristoffer (1 1/2) tok traktorlappen sammen med pappa Gøran Kvarv.

Stor feiring i Nordland

Laurdag 14. september feira Bodin 4H-gard og 4H-klubb 15-årsdag og inviterte til stor feiring og open gard med ei rekkje aktivitetar.

Garden og klubben ligg nært Bodø sentrum og kunne denne laurdagen invitere innbyggjarane til både kafé, boder, pinnebrød og bålmat, hest og vogn, brød frå steinomn, soppfarging av garn, nye grisunger, sau, hest, høns, kaniner.... her kunne ein til og med få kjøre opp til traktorsertifikat! 

Avisa Nordland skriv: Ingeborg Tangeraas er 4H-konsulent i Nordland, og fortalte forbipasserende om 4H. - Vi har stand, og tilbyr også kløvermedlemskap. Det er for de aller minste, sier Tangeraas.. (foto: Sofie Braseth)

Bodin 4H-gard var den aller første 4H-garden i Nordland, og har i dag mange ulike aktivitar for ulike målgrupper, som til dømes barnehage- og skolebesøk og riding på hest for barn og unge med funksjonshemming. 

Garden er open for publikum kvar helg heile året, og eit flott tilbod for familiar som vil oppleve gardslivet på nært hald. Medlemmene i Bodin 4H-klubb har kvar sine arbeidshelger på garden, og får dermed eit nært og godt forhold til både garden og dyra. 

4H Norge gratulerer med dagen og ønskjer både klubben og garden lukke til vidare.  

Her kan du sjå fleire bilete frå jubileumsfeiringa i Avisa Nordland sitt bildegalleri.