
Form og fantasi
Form og fantasi er eit 4H-prosjekt for deg som likar å bruke hendene til å snekre, sy, lime, male, veve eller på annen måte skape fine ting til deg sjølv eller andre.
Form og fantasi kan brukast både av aspirantar og juniorar. Mange av oppskriftene i heftet er bygd på gamle tradisjonar. Gjennom arbeidet med 4H-prosjektet vert du kjend med ulike handarbeids- eller husflidsteknikkar. Krav til junior er at du enten lager fem forskjellige ting eller spesialiserer deg på ein eller eit par av teknikkane i heftet.