Gå rett til innhold
Du er her: 4H Norge // Aktiviteter // Prosjekter // Helse
Del/bokmerk
Matstell

Matstell

Vi treng mat for at kroppen skal fungere. Mat er godt, og det er triveleg å vere samla om eit godt måltid, og ikkje minst er det moro å lage mat!

Gjennom arbeidet med dette 4H-prosjektet lærer du å lage enkeltrettar, middag til familien, tradisjonsmat eller mat frå andre land. Ved å lage mat og samstundes lese litt teori lærer du kva kroppen din treng, kva næringsstoff matvarene inneheld, korleis du kan setje saman eit fullverdig kosthald og korleis du kan lage velsmakande og rimeleg mat til kvardag og fest. Prosjektet er fyrst og fremst laga for juniorar, men seniorar kan også bruke det.

For seniorar som bur på hybel og som ynskjer å ha matlaging som 4H-prosjekt, kan det vere lurt å velje 4H-kokken i staden.

Prod.nr 0285 • Nynorsk • Pris: 92,- (92,- ikke-medlemmer) Bestill