Gå rett til innhold
Du er her: 4H Norge // Aktuelt // Aktuelt
Del/bokmerk
To minutt med sjefen for Landsleir 2018

To minutt med sjefen for Landsleir 2018

Påmeldinga er open og vi tok kjapp ein prat med leirsjef, Asle Østbø, for å høyre om korleis det går.

Påmeldinga til Landsleir 2018 har no vært open i to døgn. Nærmare 450 deltakarar og leiarar er allereie påmeldt. Kva tenker du om det?

- Eg syns det er fantastisk kjekt å sjå at så mange har meldt seg på allereie. Dette viser at vi som har jobba med leiren i 2 år har klart å lage noko spennande som 4H-arar i heile landet har lyst til å delta på. Eg er jo veldig spent på kva fylke som kommer med flest deltakarar i år. Eg har sett på Facebook at fleire fylker har tatt opp konkurransen med å bli det største fylket på leiren. Vi har god plass, så det er plass til mange fleire enda. Kanskje vi klarer 2000 deltakarar? Eg vil oppfordre alle som skal på leir, til å dra med enda fleire frå sin klubb og fylke, seier leirsjef Asle Østbø.

Er fordelinga på kurs, slik du hadde trudd at deltakarane ville velje?

- Vi visste jo at sjokoladekurs, surfing, slakting og trampolinepark ville være populære, da dette er kurs som ikkje har vært før, men at nokre av disse kursa skulle bli fulle så fort, hadde eg ikkje trudd.

Er det nokre kurs du tenker vi ikkje har fått presentert godt nok?

- Eg syns jo at alle kursa er kjekke, men litt ekstra spent er eg jo på "vignes grav og spreng," kor deltakarane får "gjeta sauer" og ha det løye ein heile dag med foredrag og aktivitetar ute på Finnøy (Tomatøya). Så er det jo den "verdenskjente" Trollpikken i Egersund og Vikinglandsbyen på Forsand (Landa park) som absolutt er verdt eit besøk.

Kva jobbar leirkomiteen med nå?

- Leirkomiteen jobbar no med å finjustere leiren for å få alle små detaljar på plass, sjølv om det aller meste er på plass allereie. Vi er godt i gang med å skaffe mange frivillige som skal ta seg av alle deltakarane. Vi er jo veldig spent på kor mange deltakarar det blir til slutt. Jo fleire deltakarar det blir, jo kjekkare blir det og dess meir spennande kan me lage til.

Gleder du deg til leiren?

- Kjempemasse. Dette blir årets høgdepunkt. Det skal bli vildt, blaudt og fint i alle variantar.

Kan du røpe noko meir om leiren?

- Alle får moglegheit til å oppleve en sjokoladefabrikk på eit eller anna vis i løpet av leiren....