Gå rett til innhold
Du er her: 4H Norge // Aktuelt // Aktuelt
Del/bokmerk
Slottsbesøk

Foto: Sven Gj. Gjeruldsen, Det kongelige hoff

Slottsbesøk

Er du nysgjerrig på korleis det gjekk under audiensen 4H Norge hadde med Kronprinsen onsdag 1. mars. Svaret får du her.

Styreleiar Siri Myhre fortel ivrig om den aukande aktiviteten på dei 47 4H-gardane i landet, medan H.K.H. Kronprins Haakon lyttar. Kronprinsen er tydelig imponert over besøkstala på gardar og setrer, og likar spesielt godt at dei fleste besøka har pedagogisk innhald. I hjørnet noterer ein representant frå hoffsekretariatet nøye ned alt som vert diskutert.

20 minutt audiens går fort, og det er mykje å snakke om. Administrasjonsleiar Janne Dommersne fortel om mangfaldet i 4H, og påpeikar at det finnast 600 klubbar med alt frå 10 til 90 medlemar. Fokuset på integrering av tilflyttarar ser ut til å finne god jord hjå Kronprinsen.

Vidare fortel nestleiar Torgeir Bell om korleis dei frivillige får stadig større plass i organisasjonen. Kronprinsen verkar til dels bekymra når han får vite at unge frivillige kan sitte som økonomiansvarleg i fylkesstyret, men slår seg til ro med at opplæringa under styrevervskurs gjer medlemane klare for slike tunge oppgåver.

Nordisk leir nemnast mot slutten av samtalen. Latteren sit laust i rommet når kurstilbodet på leiren i juli kjem fram. Satsingsområdet «Fiksar alt» kjem godt fram når ein på leiren kan velje mellom aktivitetar som kurs i bruk av motorsag, symaskinkurs og blomedekorasjonar.

Dei avsluttar audiensen med å overrekke Kronprinsen eit utval 4H-artiklar som dei håpar fell i smak. Kronprinsen tek imot ein 4H-sekk fylt med alt ein treng for ein flott dag utandørs. Kvikklunsj fekk han òg.

Dei tre takkar for seg og eskorterast ut i sola på Slottsplassen. H.K.H. Kronprinsen er 4H Norge sin høge beskyttar fram til 2021, og det er forhåpentlegvis ikkje siste gong 4H er å sjå på Slottet.

 

Les også:

Audiens hos H.K.H. Kronprins Haakon

I audiens hos Kronprinsen

F.v.: 1. mars 2017 var nestleder Torgeir Bell, styreleder Siri Myhre og adm.leder Janne Dommersnes på audiens hos 4H Norge sin høye beskytter H.K.H. Kronprins Haakon.

Siri Myhre skriver seg inn i protokollen på vegne av 4H Norge.

Torgeir Bell var spent før audiensen med Kronprinsen. Han fortalte Kronprinsen om hvilken rolle de frivillige har i 4H.

Janne Dommersnes fortalte Kronprinsen om medlemstall og mangfoldet i 4H.

En fornøyd styreleder og nestleder etter audiensen.