Gå rett til innhold
Du er her: 4H Norge // Aktuelt // Aktuelt
Del/bokmerk
Saman er vi sterke!

Saman er vi sterke!

- Eg er rørt og kjenner meg stolt over å vere med i 4H. Vårt fellesskap, engasjement, samarbeid og vår innsatsvilje gjer oss sterke. Organisasjonen har vore gjennom til dels krevjande år, men dei har ført oss nærmare kvarandre. No gler eg meg til landsmøtet, der vi skal legge føringar for vegen vidare for denne flotte organisasjonen, seier styreleiar Siri Myhre.

Siri Myhre, som står på attval som leiar, gleder seg til å opne landsmøtet med landets yngste landsmøtedelegatar.

- Desse ungdomane bestemmer 4H si framtid. Det er eit stort ansvar, som dei tek på største alvor, men dei ser lyst på 4H si framtid og moglegheitene som ligg der. Eg er stolt over dei flotte 4H-arane som kvar dag skaper spannande og meiningsfulle aktivitetar i 4H-klubbane over heile landet, fortsett  styreleiaren.

 

Større – smartare – meir synlege

4H skal jobbe saman for å sikre ein trygg økonomi, lage gode mål og strategiar og ikkje minst jobba for å gjere oss meir synlege. Målet er å få fleire medlemmar, slik at fleire barn og unge får gleda av å  utvikle seg i 4H. Det ungdommelege engasjement og mangfaldet av idear i organisasjonen skal gjere oss større, smartare og meir synlege.

– Vi ønsker eit godt medlemsdemokrati med fleire aktive medlemmar som tek ansvar og skapar liv og aktivitet i nærmiljøa sine, avsluttar Siri Myhre.

Landsmøtet skal mellom anna vedta 4H Norge sin strategi for 2018 – 2024, eventuelt ein ny styringsmodell, øvre aldersgrense på leir og regioninndeling. Målet er ein sterkare organisasjon med større gjennomslagskraft.

 

Val

Landsmøtet skal også velje nytt landsstyre, og valkomiteen har følgjande framlegg til kandidatar på val:

  • Leder i landsstyret: Siri Myhre (45 år) (Vestfold), attval
  • Styremedlem: Torgeir Timenes Bell (23 år) (Sogn og Fjordane), attval
  • Styremedlem: Synnøve Espen Bratvold (22 år) (Oppland), ny
  • Styremedlem: Torbjørn Joa (20 år) (Rogaland), ny
  • Styremedlem: Helle Formo Hartz (23 år) (Buskerud), ny
  • 1. varamedlem: Martin Holmen (26 år) (Hedmark), ny
  • 2. varamedlem: Raymond Kirknes (43 år) (Vest-Agder), ny
  • 3. varamedlem: Siri Lunde Heggebø (32 år) (Sogn og Fjordane), attval

Dei tilsette i 4H Norge vel sjølve sine tilsetterepresentantar for to år. Turi Elise Kaus er vald som dei tilsette sin representant, mens Beate Johansen er vald som hennar vara for perioden 2018 – 2020.

 

Tid, sted og kontaktinformasjon

4H Norge held sitt landsmøte på Quality Airport Hotel i Stavanger, 20. og 21. juli, i forkant av landsleiren på Øksnevad.

Tidsramme: fredag 20/7: kl. 11.00 – 19.00, lørdag 21/7: kl. 9.00 – 16.00.

Meir informasjon finn du på 4H Norge si nettside: Landsmøte 2018

 

Kontaktpersonar:

Siri Myhre, styreleiar 4H Norge, tlf. 926 13 377

Signe Lindbråten, generalsekretær 4H Norge, tlf. 932 22 335

Beate Patay, informasjonsansvarleg i 4H Norge, tlf. 415 62 264