Gå rett til innhold
Du er her: 4H Norge // Aktuelt // Aktuelt
Del/bokmerk
Nye 4H-gardar over «heile landet»

Soldalen Besøksgård i Florø hadde opning i juni.

Nye 4H-gardar over «heile landet»

I 2018 har vi fått heile fem nye 4H-gardar rundt om i landet. Dette er markert gjennom spennande opningsarrangement på fleire av gardane.

I Nordland er Medtigården på Skjerstad i Bodø kommune ny 4H-gard. Medtigården har i dag mellom anna dagtilbod til eldre, er alternativ læringsarena for elevar og har aktivitetar for barnefamiliar i asylmottak. I haust ser folka på Medtigården fram til å ta imot besøkande til «Gøy på landet» for første gong.  

Møre og Romsdal har nyleg fått sin andre 4H-gard, Solemdal 4H-gard i Molde kommune. Her er det planlagt opningsarrangement seinare på hausten, der du kan møte sauer, geiter, ullgrisar, storfe, esel, lama, hundar, kattar og mange ulike fugleartar.

Soldalen Besøksgård i Florø i Sogn og Fjordane har hatt opning som 4H-gard i samarbeid med dei lokale 4H-klubbane Neptun 4H og Krokane 4H. I tillegg til å møte hestar og mange andre dyr på garden fekk dei besøkande også prøve seg på ulike Farmen-tevlingar leia av 4H-klubbane.

Østfold har det siste året dobla talet på 4H-gardar frå to til fire. Fjeld 4H-gård på Ise i Sarpsborg har vore besøksgard i 20 år, og vi er veldig glade for å ha fått dei med i 4H-gardsfamilien.

I Østfold har også Storemyr 4H-gård på grensa mellom Råde og Fredrikstad blitt godkjent 4H-gard. Storemyr 4H-gård har tett samarbeid med den lokale 4H-klubben Saltnes 4H, og hadde opningsarrangement i mai med kake, snorklipp og hestedag for Kløvermedlemer.

I 4H Norge har vi no over 50 4H-gardar og 4H-setrar landet rundt, som inviterer deg til lærerike gardsopplevingar. Besøk ein 4H-gard du òg!

Renate Grindland på Storemyr 4H-gård i Østfold.