Gå rett til innhold
Du er her: 4H Norge // Aktuelt // Aktuelt
Del/bokmerk
Klart for fem nye Draumeplassar i Sogn og Fjordane

Ein del av medlemene i Driva 4H samla framfor den flotte gapahuken på Holsen.

Klart for fem nye Draumeplassar i Sogn og Fjordane

Dei fem vinnarane av årets runde av «Draumeplassen» er no kåra, og kan dermed sette i gang arbeidet med å skape ein lokal naturmøteplass i fylket.

Årets vinnarar er Norane Idrettslag i Sogndal, Jomentum Barnekor i Florø, Bergkrystallen 4H i Lavik, Solstrålen 4H i Angedalen i Førde og Instedalen skianlegg i Naustdal. Vinnarane får 100 000 kroner og prosjekthjelp til å lage ein naturmøteplass.

- Dette er fantastisk og betyr mykje for oss, i høve identitetsutvikling og psykososialt. Her kan born og eldre møtast på tvers av generasjonane, og lære og utøve historie, musikk og friluftsliv. Alle er velkomne til dagen vår ved Paviljongen i Florø 10. juni, strålar Siv Førde i Jomentum barnekor som er ein av vinnarane, saman med Flora pensjonistlag.

Møteplassar i nær-naturen

Det er 4H Sogn og Fjordane som står bak konkurransen, som er støtta av Gjensidigestiftelsen. Ved søknadsfristen 15. mai var det kome inn 14 søknader til konkurransen.

- Det er kjekt når responsen er så god, og vi skulle gjerne hatt pengar til alle – for her er det mange gode prosjekt som er eigna som læringsarena for natur og miljøaktivitetar, smiler Roger Eide, prosjektleiar i 4H Sogn og Fjordane.

- Eg gler meg til å følgje vinnarane frå draum til ferdigbygd naturmøteplass. Dette er møteplassar som er ei viktig motvekt i tida vi lever i, der vi er omgitt av mykje teknologi, og heile tida må vere på. Her er gode prosjekt for meir naturglede, friluftsliv, fysisk aktivitet og ei betre folkehelse. Alle søknadene vi fekk inn vitnar om at møteplassar i nær-naturen er i vinden.

Opne og tilgjengelege

Det er tredje gongen 4H Sogn og Fjordane lyser ut Draumeplassen-konkurranse i fylket.

- Eg vil takke Gjensidigestiftelsen for støtta som gjer dette mogleg, og eg håpar at arbeidet i vårt fylke med å skape naturmøteplassar vil bli ei nasjonal satsing på sikt, seier Roger Eide.

- Vidare vil eg også takke for innsatsen og engasjementet, til dei søkjarane som diverre ikkje blei vinnarar. Dei vil få informasjon om korleis dei kan jobbe vidare, for å vonleg realisere Draumeplassen sin i framtida.

Hjørdis Vik frå gåvestyret i Gjensidigestiftelsen var med i juryen som kåra dei fem vinnarane. Ho er godt fornøgd med søknadene som kom inn frå lokale lag i fylket.

- Gjensidigestiftelsen er opptatt av lågterskeltilbod som treff mange. Vinnarane i årets runde har god spennvidd, frå tradisjonelle naturmøteplassar til utvikling av allereie eksisterande område med nye aktivitetar og fasilitetar. Alle vinnarane scorar høgt på dei kriteria vi har sett for konkurransen, både når det gjeld involvering av barn og unge, høve til læring om naturen og at plassane skal vere opne og tilgjengelege for alle, fortel Hjørdis Vik og held fram:

- Det er kjekt å sjå at det veks og blomstrar på Draumeplassane våre!

Juryen for Draumeplassen 2018_f.v. Roger Eide, André Gåsemyr, Hjørdis Vik og Åge Avedal.