Gå rett til innhold
Du er her: 4H Norge // Aktuelt // Aktuelt
Del/bokmerk
FN-dagen for vatn

FN-dagen for vatn

Når du er tørst har du som regel kort veg til reint drikkevatn. Om du skal du på hytta i påsken er det kanskje litt meir tungvint? Smeltar du snø, må du hogge hol i isen, eller er det innlagt straum på hytta di? Uansett, er vatnet reint, og alle i Noreg har tilgang på reint vatn.

4H Norge sitt samarbeidsland Gambia er eit av dei heldigaste landa i Afrika når det gjeld vatn. Der renn Gambiaelva midt gjennom landet før ho renn ut i Atlanterhavet. Naturleg nok er elva viktig for transport, og svært viktig for landbruket i eit land der over 22 prosent av innbyggarane lever av landbruk. 4H-klubbane har mange grønsakshagar, og av og til blir medlemmane sine dyrkingsprosjekt øydelagt av flaum.

Elva er stort sett stille og roleg, men i periodar med tropisk regn fløymer ho over landsbyar og avlingar. Då blir det lett dårleg kvalitet på vatnet, og folk blir sjuke Om lag 90 prosent av folka i Gambia har tilgang til reint drikkevatn, og brønnprosjekt er svært velkomne for at folk skal ha god helse og høg livskvalitet. I heile verda er det over to milliardar menneske som ikkje har tilgang til reint drikkevatn.

Her kan du lese om FN-dagen for vatn 2018.