Gå rett til innhold
Du er her: 4H Norge // Aktuelt // Aktuelt
Del/bokmerk
Eit stykke 4H-historie i Trøndelag

Eit stykke 4H-historie i Trøndelag

Lørdag 6. mai 2017 blei 4H Trøndelag stifta. Det skjedde på eit historisk stiftelsesårsmøte. 4H Trøndelag er nå Norges største 4H fylke.

1. april haldt 4H Sør-Trøndelag sitt siste årsmøte. Etter eit knapt fleirtal under avstemming, vart det klart at årsmøtet ønska å slå seg saman med sine naboar i nord. Fem veker seinare var klubbrepresentantar frå begge fylka samla på Scandic Hell på Stjørdal for å sameine nord og sør til eitt 4H Trøndelag.

I tida mellom siste fylkesstyremøte og stiftingsmøtet, hadde begge fylkesstyre ein solid jobb med å legge til rette for eit samla 4H-fylke, og å sende sakspapir til påmeldte deltakarar.  Trass sein utsending av budsjett og valkomiteen si innstilling, gjekk møtet som planlagt.

Undervegs i stiftingsmøtet vart det gjennomført quiz og gruppearbeid, og 4H-arar i alle aldrar deltok ivrig i aktivitetane. Under gruppearbeid fekk det nye fylkesstyret fleire gode innspel til kva dei kunne gjere for å komme nærare måla 4H Norge vil nå innan 2018, i tillegg til at klubbane kom med fleire gode idear til aktivitetar dei sjølv kunne gjennomføre.

Valkomiteen hadde gjort ein god jobb med å blande både kjønn og geografisk tilhøyring i si innstilling, og alle føreslegne kandidatar vart valt utan motforslag. Tidlegare leiar i 4H Nord-Trøndelag, Malmfrid Ervik, skal leie Noregs største 4H-fylke i året som kjem. Møtet vart avslutta med treretters festmiddag. Talar, allsong og eit historisk tilbakeblikk på dei to fylka sin 4H-aktivitet stod på programmet.

Med kløvermedlemar, klubbrådgjevarar og alumnar, tel no 4H Trøndelag 2571 medlemar! Vi gratulerer trøndarar i nord og sør med å vere samla under same 4H-fane, og gler oss til å sjå det kjempestore trøndertunet under Nordisk leir i sommar.