Gå rett til innhold
Du er her: 4H Norge // Aktuelt // Aktuelt
Del/bokmerk
Begivenhetsrik helg for landsstyret

Begivenhetsrik helg for landsstyret

Fylkesstyredialog, landsstyremøte og omvising på landsleirområdet eller Vidle, fine og blaude.

Fylkesstyredialog: landsstyret inviterte fylkesstyrene i 4H Rogaland og 4H Hordaland til dialog, som ga god og nyttig innsikt i arbeidet i regionen.

4H Rogaland var i helga vertskap for det sjette landsstyremøtet i 2017. Også denne gangen inviterte landsstyret til fylkesstyredialog. Representantar frå 4H Hordaland og 4H Rogaland fekk fredag kveld dele fritt frå deira arbeid i fylka. Landsstyret sitt igjen med inntrykk av to hardtarbeidande fylkesstyrer som legg vekt på å vise seg for medlemane og gjennomføre gode arrangement.

Befaring/omvisning: Leirkomiteen tok i mot landstyret på Øksnevad vgs, der landsleir 2018 arrangeres.

At arrangement i Region Vest er av ypparste kvalitet kom tydeleg fram dagen etter, då styret i 4H Rogaland og langsstyret besøkte leirområdet for landsleir 2018. Leirkomiteen på Øksnevad har høgt fokus på å vise fram lokale kulturar og miljø til 4H-arane som kjem til Jæren neste sommar. Effektive er dei også! Allereie no ligg store delar av programmet klart, og komiteen er godt på veg til å bli ferdige med resten av det som skal gjerast før leirveka 21.-28. Juli. Om ein skal tru leirsjef Asle Østbø, var målsetjinga å ha leiren ”ferdig” til landsstyremøtehelga. Godt jobba!

God stemning: Det var god stemning på Øksnevad, og det er bare å begynne å glede seg til neste år landsleir.

Laurdag ettermiddag og søndag føremiddag vart brukt til meir møteverksemd, og store saker har vore tema for dette møtet. Skal kontingent betalast via Vipps i framtida? Bør vi drive nettbutikken vår sjølv? Kva vil det seie å vere rollemodell i 4H? Fram til protokollen frå møtet ligg ute, kan du nyte starten av veka med leirsongen til Øksnevad og glede deg til neste sommar!