Gå rett til innhold
Du er her: 4H Norge // Om 4H // Ledig stilling

Organisere frivillige barn og unge?

40% engasjement ledig som organisasjonsrådgjevar fram til 31. oktober 2018. Arbeidsstad hos 4H Rogaland i Stavanger sentrum. Snarleg oppstart.

4H Norge avdeling Rogaland har ledig engasjement:


4H Rogaland skal i juli 2018 arrangere Landsleir for 2000 ungdomar på Øksnevad og aukar derfor bemanninga.

Ønska kvalifikasjonar:

  • Kompetanse og erfaring med planlegging, gjennomføring og evaluering av større arrangement for barn og unge
  • Kunnskap om og erfaring med frivillig arbeid
  • Kunnskap om prosjektorganisering
  • Grunnleggande kunnskap innan IKT

Vi søkjer etter deg som:

  • Er kreativ og resultatorientert
  • Har gode formidlingsevner og evne til å motivere og inspirere
  • Kommuniserer godt, både skriftleg og munnleg
  • Er sjølvstendig og fleksibel
  • Trivst i samarbeid med barn og vaksne

Du blir ein del av:

  • Eit arbeidsfellesskap med moglegheit for påverknad, utvikling og ny læring
  • Eit kreativt miljø i Skogens hus, Stavanger sentrum

Løn etter avtale.

Politiattest må leggjast fram før tilsetjing.

Arbeidsstaden for stillinga er hos 4H Rogaland i Stavanger sentrum. For stillinga inngår medlemskap i Statens Pensjonskasse og forsikringsordningar. Fleksibel arbeidstid. Ein må rekne med noko reiseverksemd. Ein må ha førarkort klasse B. Arbeidsgjevar er 4H Norge med regionleiar i Rogaland som nærmaste overordna.

Kontaktperson for stillinga: Synnøve Jørgensen, regionleiar i 4H: Tlf. 960 96 773/416 17 198.

Søknad og CV sender ein på e-post til synnove.jorgensen@4h.no innan 15. juni 2017.

Meir informasjon om 4H Rogaland finn du på www.4h.no/rogaland